
Nyoppussa NMS Gjenbruk Trondheim

– Folk snakkar om butikken på ein heilt anna måte enn før. Det har også ført til at vi får fleire og finare varer, seier Per Walle.
Han er styremedlem i NMS Gjenbruk Trondheim, og leiar for oppussingskomitéen. Med seg i komitéen hadde han Knut Rotabakk og Randi Tynes Vågen. Den 17. januar opna dei «ny» butikk.
Rundt 50 frivillige har verkeleg stått på, med god hjelp frå administrasjonen i NMS Gjenbruk.
– Folk er begeistra! Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå både kundar og frivillige, det er veldig hyggeleg, smiler Per.
Dei tilsette i NMS Gjenbruk har vore pådrivarar for totalrenovering.
– Vi hadde ikkje teke på oss ein så stor jobb viss ikkje.
Nødvendig
Per fortel at butikklokala var tungdrivne og gamaldags, og trengte skikkeleg reingjering. Dei reinsa og bona golvet, og reinska opp i hyller og varer.
– Det var heilt nødvendig. Dette er ei skute som går, som treng overhaling. Butikken har vore godt driven sidan oppstarten i 2012, vi hadde veldig godt sal før dette også, men no var det på tide med ei fornying.
Butikken helt til i NMS sitt bygg i Sommerveita, der også NMS sitt regionkontor ligg. I oktober blei det vedteke sal av bygget, men butikken skal uansett vere der i 3,5 år til.
Store endringar
No er personal- og arbeidsrommet utvida, med nye hyller og handtering av varene er sett i system. I butikken er nokre av veggene måla, kassaområdet flytta, det er opna for meir dagslys, nye logoar på vindauga og flott Knausen-utstilling. Dei har fått eige rom til handtering og prising av klede. Ti panelomnar blei skifta ut. Det er trivelegare, varmare og meir oversikteleg. Før var det mange som frøys, no er det varmt og godt.
– No kan vi puste, var det ei som sa.
Kvalitet lønnar seg
Dei hadde bestemt at etter nyopning skulle butikken ha eit anna uttrykk.
– Vi har ikkje lenger store møblar, kun nokre småmøblar. Så har vi starta med klede. Det har gitt eit veldig oppsving, både mange nye kundar og godt sal. Og bokavdeling har minska i hyllemeter, men sel like mykje som før, fortel han.
– Butikken er opnare og meir tilgjengeleg. Folk set veldig pris på det, og mange bruker god tid i butikken.
På to veker selde dei for meir enn heile januar i fjor.
Prosessen har gitt dei frivillige veldig tru på butikken, og at den har livets rett.
– Vi er ein seriøs butikk i Trondheim som folk vil besøke. Den har blitt eit trekkplaster. Vi trur dette er veldig god reklame til vi ein gong skal flytte, avsluttar Per.
Andre nyheter
Andre nyheter du kanskje også vil like å lese