
NMS Gjenbruk Volda i nye lokale

I november flytta butikken vår frå sentrum i Volda og inn i nye lokale rett ved høgskuleområdet.
Glede
– Det har vore stor entusiasme! Salet har blitt veldig mykje betre etter flyttinga. Sidan opninga har me auka salet med over 350 000 kroner, ei stor auke for oss, ivrar Marit.
Ho held fram:
– Og like gledeleg er det at vi har fått seks nye frivillige etter flyttinga. Dessutan har alle møta vi har hatt i forkant og arbeidet vi har gjort resultert i større samhald i gruppa. Det er veldig kjekt!
Dei frivillige gjorde ein kjempejobb med flyttinga. Dei fekk også hjelp av andre som ikkje er aktive i butikkarbeidet elles.
Godt samarbeid
Ved sjølve flyttinga deltok fem tilsette frå administrasjonen.

– Dei tilsette, med Irene Stavnem Sirnes i spissen, var veldig flinke til å planlegge i forkant, sette opp butikken og lage utstillingar. Og vi frivillige var flinke til å sleppe taumane og la dei få bestemme. Samtidig lytta dei til innspel. Det var mykje vi kunne bidra med, vi også. Vi hadde det veldig hyggeleg, og det blei eit godt samarbeid, seier Marit.
– Ein skal ikkje være redd for forandring, det kjem alltid noko positivt utav det, meiner ho.
Systasjon
Butikken har blitt veldig fin. Ekstra spesielt med butikken i Volda er at dei, som den første av NMS sine gjenbruksbutikkar, har systasjon!
Symaskinar står klare til bruk heilt gratis. Dei som vil kan kome og bruke symaskinane når butikken er open. Her kan du fikse klede du tek med heimanfrå, eller du kan sy om noko du finn i butikken.
Marit fortel også at dei håpar å få utvikle samarbeidet med studentane i området vidare, på ein eller anna måte. Det er eit stort og godt studentmiljø i Volda.

Andre nyheter
Andre nyheter du kanskje også vil like å lese